Gunnar Lunde – den gløymde Sandnes-forfattaren?

Gunnar L

Velkommen til vårt seminar om Gunnar Lunde og formidling i bibliotek/skole/media 22. oktober kl. 12-15. Påmelding til https://no.surveymonkey.com/s/85QX2QT

Stad: Sandnes bibliotek
Tid: Onsdag 22. oktober kl. 12.00-15.00

Program

Kl. 11.45 – 12.00 Registrering
Kl. 12.00 – 12.10 Opning
Kl. 12.10 – 12.55 Gunnar Lunde – den gløymde Sandnes-forfattaren – om personen, diktaren og forfattarskapen. Foredrag av Einar Økland
Kl. 13.10 – 13.55 «Det hele er nokså forvirrende» – foredrag om nokre av Gunnar Lundes tekstar av Nora Simonhjell, UIS
Kl. 13.55 – 14.15 Pause med frukt, kaffe/te og kaker
Kl. 14.15 – 15.00 Mellom lyst og tvang – ein panelsamtale om formidling av litteratur i media, skole og bibliotek – møteleiar: Borghild Gudmestad, Sandnesposten

Me ynskjer dykk hjarteleg velkomne til miniseminaret om Gunnar Lunde og formidling. Seminaret er ope for alle og høver særleg for formidlarar i skule og bibliotek, studentar frå UIS og elevar frå vidaregåande skule. Foredraga er opne for alle, men me ser helst at grupper over 10 personar melder seg på på førehand. Ein kan delta på heile seminaret eller melda seg på til det einskilde foredraget. Påmelding skjer ved å fylla ut påmeldingsskjemaet: https://no.surveymonkey.com/s/85QX2QT, eller send epost til: aud.jorunn.hakestad@sandnes.kommune.no

Mål for seminaret
• Skapa merksemd rundt forfattarskapen til Gunnar Lunde
• Undersøka og drøfta om Gunnar Lunde sin forfattarskap framleis er aktuell
• Engasjera til formidling av hans bøker i vidaregåande skule og i biblioteka i fylket
• Drøfta ulike formidlartradisjonar i bibliotek og undervisningssektoren – med ulik fokus på leseopplevinga og tolkinga.

Bakgrunn
I år ville Gunnar Lunde vore 70 år. Sandnes bibliotek markerer dette med eit miniseminar der me set diktinga hans på dagsorden. Sandnes-forfattaren var så og seia ukjend hos oss fram til februar i år. Då blei det i media referert til ei markering mellom forfattarvener i Oslo. Liv forlag, Larvik, ga i vår ut Utvalgte noveller (2014) der forfattar Einar Økland har føreordet. Bokmeldingar i Klassekampen og Dagbladet var positive og Telemark Arbeiderblad ga boka ein seksar. Fleire kallar Lunde ein kultforfattar.

Me formidlarar på Sandnes bibliotek blei òg begeistra for Gunnar Lunde. Me skreiv bokmeldingar i Sandnesposten og avisa hadde òg ein artikkel om han, der Einar Økland seier:

Ein burde vera stolt av han her. Biblioteket og skulane bør gjera noko. Det er litt rart at han verkar gløymd. Han er den største forfattaren Sandnes har hatt. (Sandnesposten 13.02.2014)

Arrangør: Sandnes bibliotek, i samarbeid med UIS og Sandnesposten, med støtte frå Rogaland fylkeskommune
Kontaktperson: Aud Jorunn Haugen Hakestad
Epost: aud.jorunn.hakestad@sandnes.kommune.no
Telefon: 97731254

Se vår konkurranse og novella «Marsjkolonnen» gjengitt i en annen bloggpost.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s