Lena Andersson vann velfortent Augustprisen 2013 med boka Rettsstridig forføyning – en roman om kjærlighet. Her er kva juryen skreiv:
Subjekt, predikat, objekt. Syntaxen må vara simpel, men Lena Andersson ger språkets vanligaste kärleksförklaring en betydelsefull inre grammatik. Romanen Egenmäktigt förfarande är en allvarsam lek där Ester och Hugo möts i ett tidlöst drama om passion och makt, frihet och förnuft, som författaren inte bara gestaltar utan rentav dissekerar. Med kärv humor och enastående precision blottlägger Lena Andersson förälskelsens systematiska självbedrägeri.
Det kjennest flaut og pinlig å lesa kjærleikens grammatikk. Med «venninnekoret» på laget bygger Ester opp enorme forventingar om kommande møter med HAN. Ester stormforelskar seg i Hugo Rask, ein performance-kunstnar som blir «verdsatt for sin moralske patos i en overfladisk tid». Ho held eit foredrag om han og skriv på ein artikkel om han, og etter kvart blir Hugo og tilhøvet mellom dei til noko altoppslukande. For henne!
Han, derimot, skjønar eg som les, er berre middels interessert, men eg er jo berre inni hovudet til Ester og må difor godta det ho tenkjer. Ho mister ikkje all fornuft, slik me har for vane å seia når nokon er forelska. Ho tenkjer framleis, men på ein måte er hovud og kjensler utan kontakt. Ho forsømmer jobben og vener og nyttar det meste av tida på å grubla. Ho tolkar ord og teikn, og analyserer det som er sagt og gjort, men det fører ingen veg.
Kanskje er dette romanen som gir oss ein grammatikk for den forsmådde? Ei slags moderne handbok i korleis ein (ikkje) skal takla kjærleiken i den postmoderne tida:
[…] dette vilkårlighetens og følelsenes idioti som hun hadde kastet seg ut i, og som alle moderne mennesker var henvist til. Ingen regler, ingen tradisjoner, ingen krykker å støtte seg på, ingenting. (s. 39)
Humoren i historia minner litt om lytehumor. Det er på grunn av Ester sine sterkt nedsette sosiale evner at historia blir morosam. Ho oppfører seg klossete og idiotisk i møte med Hugo, og reflekterer etterpå kva ho kunne sagt og gjort annleis. Men det er òg trist å lesa for under historia ligg ei uro for kva me sjølvsentrerte menneske stiller av krav ovanfor omverda. Me ser på Kjærleiken som ein velfortent premie som me har krav på og når kjærleiken ikkje blir gjengjeld, kjenner me oss utnytta. «Rettsstridig forføyning» er eit juridisk omgrep som tyder brukstjuveri, og viser til at bruk og kast faktisk er ulovleg, men likevel allment akseptert som ein del av spelet på kjærleiksmarknaden.
Er du enno ikkje overtydd om å lesa boka, les bokmeldingane i Aftenposten og på bloggen Jeg leser.
Skrive av Aud Jorunn Haugen Hakestad