Teikneseriens dag – laurdag 3. mai 2014

Forsidebilde av Apefjes II - Ulvehjerte

Ulvehjerte av Tor Erling Naas

Teikneseriens dag gir meg eit påskott til å lesa Ulvehjerte (2013) av Tor Erling Naas. Han har ligge på vent lenge, for det er stadig andre kjekke bøker som fristar. Men nå har eg lese at bok nr. 3 kjem ut til hausten, så då hastar det. Den teikna romanen er oppfølgaren til Apefjes (2011) – ei spanande historie om taggaren Martin som blir mobba og plaga om dagen, men som lever eit spanande liv som etterlyst taggar om natta. I Ulvehjerte vonar eg at eg får vita meir om kva som hende med far hans og om kvifor mora hans er eit nervevrak. Og kven er det eigenleg som rotar rundt i hovudet hans? Eg skreiv om Apefjes i 2011 og de skal få vita om oppfølgjaren held mål, når eg har fått lese han.

Når Naas er Tor Ærlig teiknar han i tillegg, men i denne serien er det  Sigbjørn Lilleeng som teiknar. Han er òg vel verd å få med seg. I Generator (2012) står han for både tekst og illustrasjonar. Teikningane hans er ikkje vakre. Dei liknar meir på karikaturar, men likevel får eg sympati med hovudpersonen i Apefjes (I og II). Kanskje er det fordi Martin har maske på? (Apemaske) Då kan eg i alle fall tenka meg korleis han har det bak maska. Mora til Martin får eg inga sympati med. Ho er framstilt som stygg og sliten og bryr seg ikkje om guten.

Denne serien er ikkje lysteleg lesing og mange av dykk vil kanskje heller lesa humor-striper. Då kan du heller låna Nemi, Pondus eller andre humorseriar. Ta i alle fall turen innom biblioteket og sjekk ut utvalet vårt.

Skrive av Aud Jorunn Haugen Hakestad

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s