Diktaren Nils-Aslak Valkeappää er kjend langt utover Sameland og Noreg og i høve Samenes nasjonaldag vil eg dela litt av langdiktet «Lyse vårnetter» frå diktsamlinga Vindens veier fra 1974. Vinden, reinen og menneska som følgjer reinen er alltid i bevegelse og gjennom årstidene skiftar tilhaldsstaden til flyttsamane. I diktet er mennesket sitt nære tilhøve til naturen sjølsagt med, men diktet viser òg til ei universell kraft som rommar dei kjenslene me tenkjer tilhøyrer mennesket. Kjærleik, mot og vilje finnest hos Valkeappää overalt i naturen og den som lever saman med naturen, kan næra seg av han. I «Lyse vårnetter» vender han seg til eit du. Eit du som kan sloss mot øydeleggjinga av naturen. Nå, 40 år seinare, er diverre dikta hans like aktuelle. Ta deg ein time-out, lån dikta hans på biblioteket og bli inspirert.
Skrevet av Aud Jorunn Haugen Hakestad
Diktutdraget nedanfor er frå Vindens veier av Nils-Aslak Valkeappää, omsett av Laila Stien.